YogaFarmen © 2010 • Elin Vestbø • 5584  Bjoa, Rogaland, Norway    

 

yogafarmen

 

Ei Yoga økt
 

Pusteøvingar 

Me byrjar eller sluttar timen 

med enkle pusteøvingar.

 

Yogastillingar

Dette er hovuddelen satt i saman av eit sett fysiske

øvelsar. Alle øvelsane blir

utført i sakte og behageleg

tempo.

Avspenning

Me har ei god avspenningsøkt på ca 15 min kor deltakerane

ligg på matta.

 

 

 

Om Yogafarmen:

 

Eg har etablert nybygd moderande Yoga studio med god atmosfære og fantastisk

utsikt mot Kvinnheradalpene og Sunnhordlandsøyane.
Garden vår ligg til sjøen på
Innbjoaneset. Me har sidan me kjøpte garden i 2002 restaurert og bygd nytt. Garden består av skog,dyrka mark og kulturbeiter som blir brukt til sau og hest.

 

Yogaen har blitt ein viktig del av min kvardag. Den hjelper meg til å ha fokus, større overskudd, unngå unødvendig stress og har gjort "vondtar" betydeleg betre. Dette vil eg gjerne dele med andre.
Eg har undervist i Ølensvåg i fem og eit halv år
. Før eg fekk eget Yogastudio

underviste eg på Kjerringgarden på Bjoa.
Eg har praktisert Yoga sidan 2002 å går jevnleg på kurs i Stavanger hjå
Bodil Mauritzen på YogaYoga og Glenn Cresoli frå Australia.
Dei seks siste åra har eg mest praktisert Iyengar Yoga. Iyengar Yogaen er den mest praktiserte Yogaen i verden i dag og kan praktiserast av alle.
Denne Yogaformen er utvikla av B.K.S Iyengar i India og kom til USA på 50 talet. For å lese meir utfyllande om denne -klikk her- (yogayoga).

 

        

             Yogaen hjelper å utvikla større oppmerksomhet

             på vår fysiske og psykiske tilstand.

 

             Your body exists in the past and your mind exists

             in the future. In Yoga, they  come together in the

             present.

 

             B.K.S Iyengar

 

 Eg ynskjer nye og gamle velkommen til Yogafarmen på Bjoa.

 

 

 

 

 

Dette treng du av utstyr

Ha på behaglege klede.

Matter og anna utstyr har eg.

 

Pris

Du kan kjøpe klyppekort med ti

klypp til kr 1300,- eller bet. 130,-

kr pr. gong. Klyppekortet kan brukast både i Ølensvåg og på

yogalørdagar.

 

Eg gir 20 % studentrabatttil studentar under 25 år på

klyppekort og enkelttimar.